fredag 27. mars 2009

Steingard



Steinlys
Steingardane ligg som tunge perleband
kring lyset sin hals.
Jærlyset skiftar frå minutt til minutt
og er aldri det same.
Dei mjuke kurvane langt borte ved
synsranda er som bølgjande vatn
som lyset har stogga og halde fast
i eit grønt grep.
Disen rørar seg som hofter og bryst,
og lyset sin slanke kvite hals lyftar
eit hovud som ser på deg

Helge Torvund fra boken " Jæren .Himmel og hav"

Ingen kommentarer: